Hovuddelen av Wiki Loves Monuments er fotokonkurransen. Fotografi av registrerte kulturminne i Noreg må lastast opp til Wikimedia Commons i løpet av september for å delta. Fotografia kan vere tekne når som helst, men berre fotografi som vert lasta opp i september vert vurderte.
Wiki Loves Monuments vart arrangert for fyrste gong i Nederland i 2010. I 2011 vart konkurransen utvida til ei rekkje europeiske land, og i 2012 vart han global med 35 deltakarland frå heile verda. Wikimedia Noreg arrangerer no den norske delen av konkurransen for sjuande gong, og har gjort det kvart år sidan 2011.
Eit oversyn over alle gyldige kulturminne til fotokonkurransen kan finnast på Kulturminnesøk frå Riksantikvaren, som òg har eit kartverktøy for å finne kulturminne i nærleiken. Fleire ressursar kan finnast på ressurssida.
Skrivekonkurranse
Som i 2016 arrangerer Wikimedia Noreg òg ein skrivekonkurranse over to veker samstundes som fotokonkurransen. I veke 37 og 38 (11.–24. september) vil vekas konkurranse på Wikipedia på bokmål, nynorsk og nordsamisk handle om kulturminne i Noreg. For å delta må du registrere deg på konkurransesida.